Les meir: NRK finansiert over statsbudsjettet.
NRKs lisensavdeling er lagd ned
Som ei følgje av ny finansieringsmodell er NRKs lisensavdeling lagt ned og du kan ikkje kontakte Lisensavdelinga lenger.
Alle uteståande krav er overførte til Innkrevjingssmyndighetet og eventuelle førespurnader må gjerast dit. Du finn meir informasjon på www.sismo.no, eventuelt kan du ringje 75 14 90 00.
Offentleg gjeldsordning
Dersom du har offentleg gjeldsordning og skyldar pengar kan du betale til NRK på kontonummer 1506 23 75814 – Norsk rikskringkasting AS.
Her har vi samla ofte stilte spørsmål og svar om den nye finansieringsmodellen.
Finn du ikkje svar på det du lurer på, kan du ta kontakt med Kulturdepartementet på postmottak@kud.dep.no eller 22 24 90 90. Har du skatterelaterte spørsmål, ta kontakt med Skatteetaten.
- Kvifor blir finansieringa endra av NRK?
- Korleis blir den nye finansieringsordninga?
- Kven skal betale?
- Kor mykje kjem eg til å betale for NRK?
- Når blir den nye ordninga innført?
- Skal eg betale NRK-lisensen eg fekk i sommar?
- Må eg seie opp NRK-lisensen?
- Vi er ein familie med to vaksne og eitt barn på 18 år, skal alle tre betale for NRK?
- Eg bur i eit kollektiv med fire andre, skal alle fem betale for NRK?
- Eg har ikkje TV og har ikkje betalt NRK-lisens dei siste åra. Skal eg betale?
- Eg har ikkje TV i dag, men tenkjer å kjøpe meg TV før 1. januar 2020. Må eg betale i år?
- Kvifor er det berre privatpersonar som skal betale? Kva med bedrifter, skolar o.l.?
- Bør eg endre skattekortet mitt?
- Skal dei under 18 år betale?
- Eg har frikort, skal eg framleis betale for NRK?
- Skal eldre som bur på sjukeheim betale?
- Går det an å bli friteke?
- Kvifor skal alle betale for NRK?
- Vil NRK få meir eller mindre pengar?
- Påverkar den nye finansieringsmodellen NRKs rolle eller innhald?
- Kor lenge har NRK-lisensen eksistert?
- Kven bestemmer korleis NRK skal finansierast?
- Kvifor har vi allmennkringkasting?
Kvifor blir finansieringa endra av NRK?
Det har lenge vore brei politisk semje om å erstatte dagens lisensordning med ein meir framtidsretta og føreseieleg finansieringsmodell. Det er det fleire grunnar til.
Kringkastingsavgifta har gått ut på dato: Mykje har skjedd sidan kringkastingsavgifta slik vi kjenner ho i dag vart innført i 1977 (TV-lisensen går tilbake til 1958 og radioavgifta heilt tilbake til 1924). Ny teknologi, digitalisering og globalisering har endra medievanane våre – og også gitt oss eit rikare medietilbod. I dag leverer NRK nyheiter og innhald til heile Noreg på ei rekkje ulike plattformer. Derfor har også ei kringkastingsavgift som berre er knytt opp mot om husstanden ein bur i har TV eller ikkje, gått ut på dato.
Offentleg allmennkringkasting er eit felles gode: Stortinget meiner at offentleg allmennkringkasting har ein viktig funksjon i samfunnet. NRK skal bidra til at alle i heile landet får nyheiter, forståing og kunnskap om samfunnet og verda, fungere som arena for offentleg debatt og styrkje norsk språk, kultur og identitet. Vi har også eit særskilt oppdrag om å bidra til mediemangfald og dekkje delar av landet som ikkje har eit sterkt lokalt medietilbod. Alt dette er felles gode som heile samfunnet nyt godt av og som er viktig for å vareta og styrkje demokrati og ytringsfridom. Ved å leggje NRK inn i statsbudsjettet og hente inn midlane gjennom skatt, vil offentleg allmennkringkasting bli eit spleiselag, på lik linje med andre offentlege tenester som kjem fellesskapet til gode.
Korleis blir den nye finansieringsordninga?
Frå og med 1. januar 2020 vil NRK finansierast over statsbudsjettet og du vil betale for allmennkringkasting over skattesetelen. Det første året, 2020, vil midlane bli henta inn ved at personfrådraget blir redusert. Etter 2020 vil NRK og anna mediestøtte blir finansiert i statsbudsjettet, på lik linje som andre offentlege tenester.
Kven skal betale?
Alle som har så høg alminneleg inntekt at dei utnyttar heile personfrådraget, vil vere med på å betale for NRK.
Alminneleg inntekt er summen av lønn/pensjon, kapitalinntekter osb. fratrukket minstefrådrag og andre frådrag.
Kor mykje kjem eg til å betale for NRK?
Finansdepartementet har sendt NRK følgjande oversikt. Den viser kor mykje nokon typar husstandar vil betale for NRK når den nye ordninga blir innført i januar 2020. Den auka skatten vil hentast inn gjennom ei redusering av personfrådraget.
- Einsleg lønns- eller trygdemottakar: 1585 kroner i auka skatt
- Familie med to vaksne og to barn: 3166 kroner i auka skatt
- Åleineforsørgjar med to barn: 1585 kroner i auka skatt
- Minstepensjonistar: 0 kroner i auka skatt
- Einsleg pensjonist: 1583 kroner i auka skatt
- Pensjonistektepar: 3166 kroner i auka skatt
Kringkastingsavgifta på 3121 kroner fell bort. Ein husstand med to skattytarar vil betale om lag det same for NRK som før, dersom dei betalte lisens.
Du kan lese meir på Regjeringas nettsider.
Når blir den nye ordninga innført?
NRK vil bli finansiert over statsbudsjettet frå og med 1. januar 2020. Det første året vil midlane bli henta inn ved at personfrådraget blir redusert.
Skal eg betale NRK-lisensen eg fekk i sommar?
Ja, endringa trer først i kraft 1. januar 2020. Har du spørsmål rundt den siste NRK-lisensen, kan du ta kontakt med NRK Lisensavdelinga.
Må eg seie opp NRK-lisensen?
Nei, avviklinga av lisensordninga går av seg sjølv.
Vi er ein familie med to vaksne og eitt barn på 18 år, skal alle tre betale for NRK?
Det kjem an på inntekta til kvar enkelt av dykk. Alle med tilstrekkeleg høg inntekt vil bidra til finansieringa av NRK.
Eg bur i eit kollektiv med fire andre, skal alle fem betale for NRK?
Det kjem an på inntekta til kvar enkelt av dykk. Alle med tilstrekkeleg høg inntekt vil bidra til finansieringa av NRK.
Eg har ikkje TV og har ikkje betalt NRK-lisens dei siste åra. Skal eg betale?
Ja, alle med tilstrekkeleg høg inntekt vil bidra til finansieringa av NRK.
Eg har ikkje TV i dag, men tenkjer å kjøpe meg TV før 1. januar 2020. Må eg betale i år?
Sjølv om den siste NRK-lisensen hadde forfall i juli 2019, vil det framleis vere lisensplikt for TV-APPARAT til og med 31. desember 2019. Om du kjøper TV mellom juli og desember 2019, vil du få ein avkorta lisens, og berre betale for månadene fram til 31.12.2019. Kjøpar du eksempelvis TV i september 2019, vil du betale for tre månader, då ein betaler frå den 1. i månaden etter ein skaffar ny fjernsynsmottakar.
Kvifor er det berre privatpersonar som skal betale? Kva med bedrifter, skolar o.l.?
Finansieringa av NRK vil frå og med 1. januar 2020 gå over statsbudsjettet, og midlane vil bli henta inn i form av skatt og avgifter, på lik linje som med andre offentlege tenester. Dermed er alle allereie med på spleiselaget. Det blir inga eiga avgift for bedrifter, skular o.l.
Bør eg endre skattekortet mitt?
Skattekortet ditt for 2020 blir justert automatisk for å ta høgd for det reduserte personfrådraget.
Skal dei under 18 år betale?
Ja, alle med tilstrekkeleg høg inntekt vil bidra til finansieringa av NRK.
Eg har frikort, skal eg framleis betale for NRK?
Nei, det skal du ikkje. Berre dei med tilstrekkeleg høg inntekt vil bidra til finansieringa av NRK.
Skal eldre som bur på sjukeheim betale?
Når NRK blir finansiert over statsbudsjettet frå og med 2020, vil alle med tilstrekkeleg høg inntekt bidra, uavhengig av kvar ein bur.
Går det an å bli friteke?
Nei, når NRK blir finansiert over statsbudsjettet frå og med 2020, vil alle med tilstrekkeleg høg inntekt bidra, uavhengig av alder og busituasjon.
Kvifor skal alle betale for NRK?
Stortinget meiner at offentleg allmennkringkasting har ein viktig funksjon i samfunnet. NRK skal bidra til at heile landet får nyheiter og kunnskap om korleis ting heng saman, fungere som arena for offentleg debatt og styrke norsk språk, kultur og identitet. Vi har også eit særskilt oppdrag om å bidra til mediemangfald og dekkje delar av landet som ikkje har eit sterkt lokalt medietilbod. Alt dette er felles gode som heile samfunnet nyt godt av og som er viktig for å vareta og styrkje demokrati og ytringsfridom. Ved å leggje NRK inn i statsbudsjettet og hente inn midlane gjennom skattar og avgifter, vil offentleg allmennkringkasting bli eit spleiselag, på lik linje med andre offentlege tenester som kjem fellesskapet til gode.
Mykje har også skjedd sidan kringkastingsavgifta slik vi kjenner ho i dag vart innført i 1977 (TV-lisensen går tilbake til 1958 og radioavgifta heilt tilbake til 1924). Ny teknologi, digitalisering og globalisering har endra medievanane våre – og også gitt oss eit rikare medietilbod. I dag leverer NRK nyheiter og innhald til heile Noreg gjennom ei rekkje ulike plattformer. Derfor har også ei kringkastingsavgift som berre er knytt opp mot om husstanden ein bur i har TV eller ikkje, gått ut på dato.
Vil NRK få meir eller mindre pengar?
Det er framleis Stortinget som avgjer kor mykje pengar som årleg skal innvilgast offentleg allmennkringkasting. NRKs budsjett vil med den nye ordninga vedtakast gjennom statsbudsjettet og inntektene vil bestemmast for fire år av gongen (den første perioden vil av praktiske grunnar berre gå over tre år).
Påverkar den nye finansieringsmodellen NRKs rolle eller innhald?
Nei, NRKs rolle som offentleg allmennkringkastar blir ikkje forandra med den nye finansieringsmodellen.
Vi skal framleis levere godt og relevant innhald til alle som bur i Noreg. NRKs tilbod skal ha som formål å oppfylle demokratiske, sosiale og kulturelle behov i samfunnet og vareta ytringsfridommen for alle som bur i Noreg. Vi har også eit særskilt oppdrag om å dekkje nyheiter over heile landet og om å bidra til norsk mediemangfald. Vi skal styrkje norsk språk, verdiar og kultur.
Det er til kvar tid Stortinget som set rammene for NRKs oppdrag som offentleg allmennkringkastar. Det gjer dei gjennom Kringkastingsloven og NRK-plakaten. I NRK-plakaten, som jamleg blir revidert, definerer Stortinget krava og forventningane sine, og set rammene for NRKs verksemd og samfunnsoppdrag. Du finn den gjeldande NRK-plakaten her.
NRK leverer kvart år ein allmennkringkastarrekneskap som viser korleis vi løyser oppdraget vi får av Stortinget gjennom NRK-plakaten. Det er Medietilsynet som passar på at vi oppfyller dei forpliktingane vi til kvar tid har som offentleg allmennkringkastar.
Kor lenge har NRK-lisensen eksistert?
Kringkastingsavgifta vart innført for radioapparat i 1924. I 1958 innførte styresmaktene ei eiga avgift for fjernsynsmottakarar. Radiolisensen vart avskaffa i 1976 og frå og med 1977 har kringkastingsavgifta vorte kravd inn i form av avgifta på TV-APPARAT, det vi i dag kjenner som TV-lisensen eller NRK-lisensen.
Kven bestemmer korleis NRK skal finansierast?
NRK er som offentleg allmennkringkastar statleg eigd. Det er til kvar tid den sitjande Regjeringa, ved Kulturdepartementet, og Stortinget som har ansvar for norsk mediepolitikk, dermed også for finansieringa av NRK.
Det har lenge vore brei politisk semje om at finansieringa av NRK skal endrast. I mars 2019 la kulturminister Trine Skei Grande (V) fram forslag til ny modell. Modellen vart vedteken i Stortinget i juni 2019. I statsbudsjettet som blir lagt fram 7. oktober 2019 blir detaljane lagde i omlegginga fram, under dette også endringane i skattesystemet.
Det er også Stortinget som set rammene for NRKs oppdrag og som avgjer kor mykje NRK skal ha i årleg budsjett. Dette vil no bestemmast for fire år av gongen (den første perioden vil av praktiske grunnar berre gå over tre år).
Kvifor har vi allmennkringkasting?
Det er brei politisk semje om at offentleg allmennkringkasting har ein viktig funksjon i samfunnet. NRK skal bidra til at heile landet får nyheiter og kunnskap om korleis ting heng saman, fungere som arena for offentleg debatt og styrke norsk språk, kultur og identitet. Vi har også eit særskilt oppdrag om å bidra til mediemangfald og dekkje delar av landet som ikkje har eit sterkt lokalt medietilbod. Alt dette er felles gode som heile samfunnet nyt godt av og som er viktig for å vareta og styrkje demokrati og ytringsfridom.

