NRK Vestland

Siste nytt

  • Sakna mann funnen i god behald

    Ein mann i 50-åra som har vore sakna sidan torsdag er funnen i god behald. Det melder politiet.

    Det var eit familiemedlem som melde mannen sakna etter å ikkje ha sett han på to døgn.

    Tidlegare søndag vart det sett i gang søk etter mannen på Os, med frivillige mannskap, båtressursar og drone.

    Politiet takkar dei frivillige for innsatsen.

  • Brann i terrenget ved Horneskletten

    Like over klokka 19 melde brannvesenet om terrengbrann ved Horneskletten i Sunnfjord.

    Det var ikkje umiddelbar spreiingsfare, men litt vind i området.

    Klokka 19.40 er brannen sløkt og brannvesenet held på med dynking av terrenget.

    – Området som har brent er på mellom 1 og 2 mål, skriv Trond Landaas i presseloggen.

    det kjem kvit røyk frå terrenget, du ser fjell og skog, bildet er litt uklart
    Foto: NRK-tipsar
  • Ein person send til sjukehus etter brann på Stord

    Politiet melde like over klokka 18 at det brann i eit rekkehus på Stord. Det er fire bueiningar i rekka.

    Politi, ambulanse og brannvesenet rykte ut til staden der det blei observert røyk, men ikkje flammar.

    – Det er meldt om mykje røyk på staden og mykje varme i huset, seier Svein Nesse i 110 Sør-Vest til NRK like før 18.30.

    Dei har gått inn med røykdukkarar i bustaden.

    Like etter 18.30 blei brannen meldt sløkt. Ein person er teken med ut av bustaden og send til sjukehus. Det skal ikkje vera fleire involverte.

  • Brann på kjøkken i Åsane – evakuerte bygget

    Det brann på eit kjøkken i Åsane i Bergen, melde politiet like før klokka 17.

    Det er mange leilegheiter i bygget som blei evakuert. Det skal ha vore opne flammar på staden, i følgje politiet.

    Brannvesenet melde klokka 16.54 at dei var framme på staden og at det var røykutvikling på kjøkkenet. Dei sende inn røykdykkarar.

    – Det er mindre røyk og ingen opne flammar, skreiv Trond Landaas i 110 Vest.

    Brannen blei meldt slokka klokka 17.39.

  • Skogbrannfare og bålforbod

    Det er gult farevarsel for skogbrannfare i Nordfjord no og dagane framover.

    Denne veka trådde bålforrådet i kraft. No er det normalt ikkje lov å gjere opp eld i utmark. Unntaket er viss det er openbert at elden ikkje kan spreie seg. Det er òg lov på tilrettelagde bålplassar.

Fleire nyhende

Elever på videregående som jobber med fysikk

Slår alarm om realfags­krise

En stabel med hvite esker (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kister i kø på norske krematorium